Saturday, February 20, 2010

Sidan sist...

Har det ikkje skjedd det heilt store på utviklingsfronten. Eg hadde ein god samtale med mor mi i dag, via skype, høgteknologien har nådd Afrika skjønar de, noko som vel må reknast som utvikling, om korleis det å bu i eit samfunn så ulikt det eg kom frå har påverka meg. Går det inn på meg å sjå det vi reknar for å vere kummerlege levekår på nært hald, leve midt oppe i dei, osb.? Det er rart med det, som med det meste så blir ein vand. Eg tenkjer ikkje over situasjonen dagleg. Så klart, eg reagerar med undring når naboen, som nemnt, vel papp som hovudbyggjemateriale til den nye garasjen sin (etterkvart har dette blitt dobbeltgarasje, no noko forsterka med sponplater og søppelsekkar). Men eg reagerar ikkje med vemod eller noko slikt når eg ser desse konstruksjonane, sjølv om dei openbart vitnar om ein personleg økonomi som berre dekkjer dei grunnleggjande behova. Han lir ingen naud, mat er ikkje eit problem sjølv om det oftare er knoke og hovud enn indrefilet på menyen. Det å utnytte ressursane kan vi nok lære ein del av heime i Noreg; Kvar er resten av dyret, det som ikkje blir biff eller beinfri kylling? Det er ikkje til å kome unna dette med korleis ein måler graden av utvikling. Det eg opplevde var at eg reagerte når eg fekk kvardagen på avstand. Mykje av den luksusen eg opplevde som kvit, velståande turist i Sør-Afrika i desmeber opplevde eg som ubehagleg unødvendig og urettferdig. Likevel er det eg reagerer mest på ikkje fråveret av materiell velstand, men heller kunnskapsmangelen. Kva kunne vel ikkje blitt oppnådd om tilgangen på lærdom var betre? Eg skal ikkje kome med forslag til dette (om de har det så skriv gjerne i kommentarfeltet), men skule her er dyrt og fagkompetente lærarar er det langt mellom. Folk flest klagar ikkje over butilhøve (sjølv om det også her er unntak, ein liten del av folkesetnaden i byen bur i skur av bølgeblikk og tilfeldig samanraska materiale), men over utilfredsstillande skuleundervisning...

I byrjinga av desember var eg i Cape Town i over ei veke. Cape Town er forresten ein flott by, absolutt verdt eit besøk. I løpet av opphaldet, som eg mogleg vil skildre meir ved eit seinare høve, gjekk vi, NIH-studentane, og såg musikalen Cats. Eg var ikkje av dei første som meldte meg på, eg var meir med på eit "la gå"-grunnlag, og etter fire månaders spartansk og til tider usosialt liv vart det nokre seine kveldar dagane før denne tilstelinga. Uansett her er mitt samandrag av Cats: Lyset i salen blir slått av og det vert heilt stille. Ein mann i trikot og katteøyrer kjem på scena og syng om mange kattar. Eg får ikkje heilt med meg kva og etter ti minutt må eg innrømme at eg er i ferd med å dette av lasset. Ein kvit katt har i alle fall vore på scena no og det verkar som at det var sentralt i handlinga (som eg må spørje Sverre som sit til venstre for meg om har fått med seg, noko han diverre må avkrefte). Eg finn meg etterkvart ei komfortabel stilling, 1,91 på galleriet var heilt i grenseland, men eg hadde i alle fall 4 cm meir å boltre meg på enn gamle Møll frå Mandal 20 seter til høgre. Når eg vaknar att er det snart slutt på første akt og til mi store undring står labbetuss på scena. Eg lurer på når Vibeke Sæther skal gjere sin entre. Eg var ingen stor Vibeke Sæther-tilhengjar som barn og byrjar å bli litt skuffa. Eg spør Sverre att om kva som har skjedd og om Vibeke har vore her, men han kan framleis ikkje opplyse meg. Første akt er over. I andre akt er det meir fart og spenning, skip og piratar og kinesarar og store fluger eller noko som liknar og ein sang eg kjenner att. Dette tek seg opp tenkjer eg. Det endar med ein katt som kan danse. Opplevinga var god sjølv om eg framleis ikkje kan gje eit godt svar på kva meir enn "cats" Cats handlar om...

Sunday, October 25, 2009

Utvikling?

Ser det er ein god månad sidan siste oppdatering. Det har vore veldig lettbeint og litt mykje fjas på denne bloggen så langt, så eg tenkte å gjere i alle fall litt med det i framtida. No er det slik at eg (ifølge arbeidsskildringa mi) arbeider med idrett og utvikling. For å sitere tildlegare ambassadør for Noreg i Tanzania, Gunnar Garbo: "utvikling er innvikla." Dette gjeld både om arbeidet eller prosessen. Arbeidet vart tidlegare kalla bistand, eit omgrep ein no har gått bort frå. Sidan ein ikkje vil skape eit donor-mottakar forhold mellom land, men heller eit samarbeid, nyttar ein no heller omgrep som utviklingsarbeid eller utviklingssamarbeid. Etter Brundlandkommisjonen har omgrepet "Sustainable development" eller på norsk berekraftig utvikling vore det gjeldande gode. Dette er også det eg skal freiste å bidra til her i landet. Men kva er så utvikling? FN definerar utvikling som, nettopp, ein prosess (sjølvsagt) som skal gje folk større valfridom. Heilt grunnleggjande er det då snakk om at folk skal få høve til å leve lenge, ha god helse, tilgang på dei ressursane ein treng for "a decent standard of living" - men kva er det? Kva er "decent"? Igjen i høve til FN har dette å gjere med involvering frå alle nivå av styresett og organisasjonar som deler ei felles interesse i sosial endring (for utvilking er tross alt endring). Fokusområda er likeverd, tilgang til grunnleggjande utdanning og helse, demokratisk utvikling, gje dei med færre fordelar høve til å påverke, og ikkje minst menneskerettar. Altså er utvikling ein prosess og ikkje eit resultat. I det heile er definisjonen, kanskje god, men likefullt diffus. Vi i vesten har ofte sett på utvikling som økonomisk og sosial utvikling er målet er å få ein levestandard og eit levesett som er meir likt det vi har. Utvikling blir altså sett på som lineær, ein "dei har ikkje kome like langt som oss"-tankegang, definert ut ifrå forskjellar frå vesten. Eg skal freiste å ikkje ralle vidare om "the white man's burden" og slikt. Mi erfaring frå dette landet (nr. 128 på FN si HDI-liste, Paul Chaffey "leftist-gone-right" og tilhengar av økonomisk globalisering skriv litt om HDI i sin blogg) er at den materielle velstanden, som vi i vesten ofte har ein tendens å måle utvikling etter, er langt lågare enn i Noreg. Men er det nødvendigvis materiell velstand i den forma vi kjenner materiell velstand som er det beste utfallet. Det ein såleis må sjå er at utvikling (og no snakkar eg om positiv utvikling) kan gå i ulike retninger, ikkje nødvendigvis følge dømet til vesten (helst ikkje følg dømet til vesten vil no eg seie, om alle skulle hatt eit gjennomsnittleg "vestleg" forbruk hadde ikkje planeten klart å fø meir enn noko slikt som 1/7 del av oss)). Når ein snakkar om demokrati, så er det for oss eit udelt positivt omgrep. Slik har det ikkje vore på dette kontinentet. Sosial struktur eller kva ein no skal kalle det er heilt anna enn i Europa og ideologiar med utspring i t.d. Europeiske samfunnstilhøve har ikkje alltid vore like lett overførbare til Afrikanske samfunn. Mugabe i Zimbabwe er skrekkeksempelet, medan Julius Nyerere i Tanzania mogleg er eit døme på den "Afrikanske" måten å gjere det på. Nyerere kunne vise til stor framgang, særleg innanfor utdanning i perioden han satt med makta i eittpartistaten Tanzania, ei utvikling som stagnerte og regrerte (er det eit ord?) etter at Verdsbanken (den store stygge ulven?) tok over mykje styring. Eg kunne skrive ein del om Verdsbanken men vi lar det ligge inntil vidare. Nuvel, no har denne posten blitt så lang at dei fleste sannsynlegvis ikkje gidd å byrje på han eingang, likevel, håpar eg å kunne halde fram med noko kortare postar, men ikkje berre fjas. Og, ja... køyr gjerne debatt.

Monday, September 21, 2009

Ørkenen


Eg bur no i den en nordlegaste fliken av Namibørkenen, som Namibia har fått namnet sitt frå, og ein kan trygt seie at naturen her stemmer bra med dei assosiasjonane dei fleste får når dei høyrer ordet ørken. Dette biletet og det bak bloggoverskrifta er tatt 20 minutts rask gange heimefrå og slik ser det ut milevis sørover.

Tuesday, September 15, 2009

Da 'hood



Dette er utsikt sør-søraustover. Namibørkenen. Det andre biletet er av nabolaget, tatt vestover.

Monday, September 14, 2009

Heimen og guten



Rommet slik det ser ut etter at mor i huset hadde ommøblert her om dagen, og guten slik han ser ut etter to månader i Afrika.

Alt ein treng: Pult og stol (type plast, hage), PC med internett på pinne, leselampen gjekk eg til innkjøp av sjølv på Mr. Price, dobbeltseng, "gølv-til-gølv-teppe," til og med ein gitar (som eg gjekk til innkjøp av ein dag eg haldt på å gå veggane). Sko og slikt må eg ha på rommet, noko inneklimaet bar sterkt preg av moronen etter turneringa i Arandis.

Sunday, September 13, 2009

A fun day in Arandis


"Pang! Pang!" "Kva var det? Nokon som punkterte?"... "Nei, det var ein Glock"... Javel. Slik feirast gull i Arandis Fun Day Basketball Tournament. Laget mitt Ocean, kom på andreplass i i denne i lokal samanheng prestisjetunge om enn noko tilfeldig organiserte turneringa. Eg var i utgangspunktet med for å sjå korleis ting vart (u)organisert, men endte opp med å spele alle kampane sidan ein av spelarane på laget plutseleg måtte tilbake til Swakop, og dømme fleire andre kampar. I tillegg til å vere Oceans einaste importspelar, skal eg etter planen vere trenar for nokre av dei ungane i byen som vil byrje å spele og dømmer i tillegg, utan noko form for formell dommarkursing, dei kampane eg kan i Erongo Basketball Association. Det er ikkje så farleg med kurs og lisensar og den slags i høve til dømming i denne serien (eit aspekt ved spelet som ifølge mine nye lagkameratar er prega av visse innslag korrupsjon. Vi får sjå om det ikkje melder seg ei biinntekt her). Den første kampen eg dømte var eit jamnt nabooppgjer mellom heimelaget Ocean, som eg no har blitt ein del av, og erkerivalen Desert Storm frå nabobyen Walvis Bay, 30 km lenger sør. Det endte med siger til vertane utan at korrupsjon spelte ei rolle denne gangen. Totalt sett er TIA treffande i høve til turneringsdagen. Vi skulle reise klokka 11, noko som vart til 1230 sidan han som skulle køyre oss tydelegvis ombestemte seg og skrudde av telefonen. Venting. Dette førte til at vi stua laget lasteplanet på pickupen til lagkaptein Vernon og køyrte i 140 dei 56km frå Swakop til Arandis. Men etter ei veke i Windhoek på planet til Mrs. Fixits pickup hadde eg god erfaring på den fronten. Når vi kom fram var volleyballdelen av Arandis Fun Day i full gang på basketballbana. Meir venting. Turneringa gjekk greitt. Etter tap i første kamp, vann Ocean resten og endte i finale mot Arandis, som endte med tap. No var klokka blitt ni. Og det eine bakdekket på pick-up'en var no flatt. Det er ingen bensinstasjon i Arandis, men heldigvis har Vernon ein kompis, Flo, i bygda. Flo er kongen av Arandis. Han er det vesle gruvesamfunnets rikaste mann og "the main attraction around here" ifølge ein av Arandisspelarane. Eg var så heldig å få audiens. Vernon og eg fekk servert eplejuice, fekk Flos synspunkt, med demonstrasjon, på kva som er best av xbox og PS3 (han har så klart begge deler, i to ulike rom, kobla til to ulike 50" flatskjermar) og fekk i tillegg møte hundane hans. Hundane var av rasen boerboel, den eine på storleik med ein middels shetlandspony. Grunnen var fekk eg vite, at Flo gir hundane sine proteinshake. Uansett. Flo hadde pumpe. Som ikkje virka. Meir venting. Etterkvart fekk vi pumpa opp dekket og kunne køyre heim att.

Brunfargen byrjar å nå internasjonalt godt nivå. Den ovannemnte Vernon, kjøpmann i sprit og daglegvarer, bareigar på kveldstid, er stor i kjeften. Han er også arkitekten bak og eigaren av eit, må eg seie, svært bra utandørs basketballanlegg. Vernon ler kvar gang han møter meg, ”Ah, my white brotha is turning black.” Vernon, som omtalar seg sjølv som ”a community person,” noko eg nok vil seie meg samd i så langt, mannen viser eit stort engasjement for ungdom, ei ekte ildsjel må eg seie, har ukonvensjonelle metodar for å handheve denne rolla kombinert med rolla som bareigar. Eit døme: Basketballbana ligg på plassen utanfor kombi-”businessen” hans (daglegvarer/sprit/bar, i tre adskilte lokale i den same bygninga). Her ein kveld stoppa plutseleg spelet opp og Vernon og dei to andre som spelte sprang plutseleg av bana, eg skjønte ikkje med ein gang kva som stod på før eg såg at dei det dei gjorde var å kaste stein. Dette på ein noko rammeskeiv kar som hadde kome ut frå baren for slå lens. Vernon vart lyn forbanna: ”Folk er så opptekne av å hindre spreiing av ymse sjukdomar, som hepatitt, men å pisse på den støvete plassen der ungar leikar, det gjer dei.” Steininga var altså sjukdomsførebyggande arbeid. Eg kan melde om at metoden var effektiv. Etter å bli bombardert av ei mengde små og ikkje fullt så små steinar lot mannen urin vere urin og bukse vere bukse og søkte så raskt han kunne dekning i baren att.

Monday, September 7, 2009

Ymse, så langt...

Må vel innrømme at eg ikkje har vore heilt happy med organiseringa av ting og tang, mykje på halv tolv og mykje dårleg forarbeid... Håper å kome i gang på eit vis i morgon då skulane byrjar att etter ferien... Lediggang osb... Noko heilt anna: Det å gi namn til ulike foretak kan dei verkeleg, eit knippe eksempel frå nabolaget:
Hero Bar
Strong Bar
Saddam Hussein Shopping Centre
og
Extacy Bar and Barbershop, ein favoritt frå Windhoek.

Andre observasjonar:
- Det Namibia eg har sett så langt er svært reint.
- Det er kaldt i vatnet.
- Eg må "lære" meg å bade. (Det er ikkje dusj i huset, men badekar og ein varmtvasstank som kanskje fungerar ein gang i veka. Det vil seie at eg må bade. Høyres enkelt og greit ut? Ja, det er forsåvidt det, men det som er utfordringa er å få skylt av seg såpevatnet. Har prøvd ut ulike teknikkar så langt... men nok om det).