Thursday, August 20, 2009

Chappies

Jogga på stranda i går og i dag. Sand så langt auget kan sjå på den eine sida. Sjø så langt auget kan sjå på den andre sida. I går bada eg til og med, trass i norske badetemperaturar og ein sørvest som sørger for bølger på 2-3 meter. I dag var eg innom Swakopmunds svar på Finn de Lange. "Finn" er ein tyskar på ca. 170 kg, han kunne fortelje at Mustad var ein av hovudleverandørane deira, og at det var ikkje uvanleg å få hai på 150 kg og oppover med stang frå stranda. Dette lyt vurderast. Det må her noterast at eg svergar til Sportsdepotet når eg er heime i Bergen. Tilbake til strandlivet. Det er slutten på vinteren no, så det er lite turistar. Det vil seie at eg hadde kilometervis med strand og sjø for meg sjølv. Bokstaveleg tala.

Sidan eg kom har eg slite litt med å få reparert sykkelen min som rett og slett ikkje verkar slik ein sykkel skal (dvs. at hjula går rundt når ein vil og at ein kan stoppe framdrifta når ein vil). Busjettet tillet visstnok ikkje å kjøpe ein ny og å finne ein som kan reparere ein sykkel som i bunn og grunn berre er ein i navnet er ikkje enkelt. 700-1000N$ kostar det å reparere. Det same som det kostar å kjøpe ein ny sykkel... Men med eit reparasjonsbudsjett på ein fjerdedel av det har dette blitt vanskeleg. "Sell it to a blackie" sa den politisk korrekte sykkelreparatøren Chappies. Chappies var forøvrig ein svært triveleg og hjelpsom namib av tysk herkomst med arbeidsnevar og kreativ tannstilling. Han er til vanleg vaktmeister og altmoglegmann.

Arbeidet har gått tregt så langt, men eg tek ikkje det så tungt. Dei lokale frivillige skal eg treffe på tysdag, og skulane har ferie til ut i september og administrasjonane der ville helst ikkje snakke med meg før då. Det som skjer det skjer. Eg kjem nok igang til slutt.

Monday, August 17, 2009

Swakopmund

Framme i "Kleine Hamburg" omsider. OK by. Mykje sand og mykje sjø. Innkvartert etter litt om og men med det eg vil tru er den yngste og minste vertsfamilien knytt til SCORE: Imelda er 22 år og jobbar som nattevakt ved eit securityfirma her i byen. Mor i huset reiste til Windhoek for å hjelpe storesøster med å flytte... for tre månader sidan... Så med meg vart "familien" dobla, i alle fall slik situasjonen er no. Busituasjonen er god den. 20m2, dobbeltseng og vegg-til-vegg-teppe.

Dagens Positive Paulsen:
"Her har du no gølv-til-gølv teppe og greier!"

Wednesday, August 12, 2009

Marta


For å gjere rundreisa meir innhaldsrik tok eg og Sverre oss ein tur til Harnas for å vitje senteret dei har der for ville dyr som anten har blitt skada, utstøytt frå flokken, eller skal (re)introduserast til fridomen. Det som gjorde mest inntrykk var nok møtet med løveungen Marta på ein månad.

I morgon går turen til Swakopmund, som skal bli min nye heimstad. Eg har altså flytta frå ein vestkystby prega av dårleg ver og tysk arkitektur til ein annan.

Kalahari Desert Boy


Nuvel, får vel auke frekvensen litt her... Kva har skjedd dei siste dagane. Vi reiste som sagt (eller skreiv eg det?) frå Windhoek (endeleg ferdig med specific orientation) til Keetmanshoop for å setje av Nomsa. Keetmans er ein støvete westernby... nok om det. Vidare tok vi vegen til Mariental. Men no er det på tide å gi ein grundigare presentasjon av ensemblet. I baksetet på Toyotaen sitt Sverre Paulsen, Marte Bakk, Freeman Phiri og eg. Bakerst sitt junior trainer Samuel Zatjirua, i framsetet senior trainer Timothy Tjongarero og sist, men ikkje minst, sports officer og designated driver Abraham So-!oabeb (! er symbolet for ein av dei fire klikkelydane på Damara-språket).

Abes har ei fortid som ein svært habil sprinter i namibisk samanheng og er i dag for ein nestor i friidrettsmiljøet å rekne. I sine velmaktsdagar som 100, 200 og 400-meterløpar var det ofte ein liten gut som hang rundt på trening og bar utstyret til Abes. Ein gang spurte han "hey, uncle Abes, how do you run so fast?"... guten fann til slutt ut korleis og har idag OL-sølv og VM-gull på CV'en. Frankie Fredericks er den desidert største idrettsstjerna dette landet har fostra.

I går forlot vi Freeman i Mariental, så no er det berre eg og Paulsen att. Men det er ikkje gale berre det. Positive Paulsen er framifrå selskap å ha om ein skal vitje ulike lågbudsjettsmotell i grisgrendte strok i Afrika sør for Sahara. For augneblinken sit eg og Paulsen i eit hotellrom i Gobabis, vest i landet, nær grensa til Botswana. Her har vi sett av Miss Oppdal Curling, Marte Bakk, rusla litt i byen, spelt litt fotball og prata skit med Timo, Sammy og Abes. Guttetur frå no av, noko samtaleemna rundt middagsbordet bar preg av.

Elles har Afrikakjensla byrja å melde seg. Eg veit at Stefan Howells (sjefen sjølv) seier at alt i Afrika er "the real Africa," men det var vel først på turen frå Mariental til Gobabis at det verkeleg slo meg.

Nokre gullkorn frå dei siste dagane med Positive Paulsen:

"Åh, no har æ eitt Afrikaøyeblikk!" - Sverre har ein Afrikaaugneblink.
"De ruste jo, de må jo bety at de funke!" - Sverre er nøgd og konstaterar at neglesaksa held godkjent kvalitet.
"Historia slutt no itj der, men vi treng no itj ta’n helt ut." - Sverre har fortalt A, men ikkje B.

Nok om det.

Thursday, August 6, 2009

Har ikkje kome heilt godt igang med denne blogginga enda. For dei uinvidde, dei første to vekene i Afrika vart tilbragt i Paarl utanfor Cape Town i Sør-Afrika, den neste i Windhoek, Namibia før no, ei veke på rundreise i Namibia før eg, neste torsdag, endar opp i kyst/ørkenbyen Swakopmund der eg skal arbeide. Meir seinare om både Paarl, Cape Town, Windhoek og Namibia forøvrig.

PS
Sebra, check. Kudu, check. Struts, check. Bavian, check. Springbok, check... rovdyra må nok vente ei stund. I Swakop er det mest sel og delfin...

Proper!