Thursday, August 20, 2009

Chappies

Jogga på stranda i går og i dag. Sand så langt auget kan sjå på den eine sida. Sjø så langt auget kan sjå på den andre sida. I går bada eg til og med, trass i norske badetemperaturar og ein sørvest som sørger for bølger på 2-3 meter. I dag var eg innom Swakopmunds svar på Finn de Lange. "Finn" er ein tyskar på ca. 170 kg, han kunne fortelje at Mustad var ein av hovudleverandørane deira, og at det var ikkje uvanleg å få hai på 150 kg og oppover med stang frå stranda. Dette lyt vurderast. Det må her noterast at eg svergar til Sportsdepotet når eg er heime i Bergen. Tilbake til strandlivet. Det er slutten på vinteren no, så det er lite turistar. Det vil seie at eg hadde kilometervis med strand og sjø for meg sjølv. Bokstaveleg tala.

Sidan eg kom har eg slite litt med å få reparert sykkelen min som rett og slett ikkje verkar slik ein sykkel skal (dvs. at hjula går rundt når ein vil og at ein kan stoppe framdrifta når ein vil). Busjettet tillet visstnok ikkje å kjøpe ein ny og å finne ein som kan reparere ein sykkel som i bunn og grunn berre er ein i navnet er ikkje enkelt. 700-1000N$ kostar det å reparere. Det same som det kostar å kjøpe ein ny sykkel... Men med eit reparasjonsbudsjett på ein fjerdedel av det har dette blitt vanskeleg. "Sell it to a blackie" sa den politisk korrekte sykkelreparatøren Chappies. Chappies var forøvrig ein svært triveleg og hjelpsom namib av tysk herkomst med arbeidsnevar og kreativ tannstilling. Han er til vanleg vaktmeister og altmoglegmann.

Arbeidet har gått tregt så langt, men eg tek ikkje det så tungt. Dei lokale frivillige skal eg treffe på tysdag, og skulane har ferie til ut i september og administrasjonane der ville helst ikkje snakke med meg før då. Det som skjer det skjer. Eg kjem nok igang til slutt.

1 comment:

  1. Ska sei Øystein - joggings på stranda e itj feil!
    Pass på derre sykkelbudsjettet - følke går i pistel om du prøve å overstig ! Æ kain heller seind et par æsel nedover - jaggu kor fartn får på derran ;)

    Ellers e det lite som skjer her i gård - litte fotballsparking bli det og nu klare dæm itj heilt å bestem sæ på kordan lag æ ska spæll.

    Arti læl !

    ReplyDelete