Sunday, September 13, 2009

A fun day in Arandis


"Pang! Pang!" "Kva var det? Nokon som punkterte?"... "Nei, det var ein Glock"... Javel. Slik feirast gull i Arandis Fun Day Basketball Tournament. Laget mitt Ocean, kom på andreplass i i denne i lokal samanheng prestisjetunge om enn noko tilfeldig organiserte turneringa. Eg var i utgangspunktet med for å sjå korleis ting vart (u)organisert, men endte opp med å spele alle kampane sidan ein av spelarane på laget plutseleg måtte tilbake til Swakop, og dømme fleire andre kampar. I tillegg til å vere Oceans einaste importspelar, skal eg etter planen vere trenar for nokre av dei ungane i byen som vil byrje å spele og dømmer i tillegg, utan noko form for formell dommarkursing, dei kampane eg kan i Erongo Basketball Association. Det er ikkje så farleg med kurs og lisensar og den slags i høve til dømming i denne serien (eit aspekt ved spelet som ifølge mine nye lagkameratar er prega av visse innslag korrupsjon. Vi får sjå om det ikkje melder seg ei biinntekt her). Den første kampen eg dømte var eit jamnt nabooppgjer mellom heimelaget Ocean, som eg no har blitt ein del av, og erkerivalen Desert Storm frå nabobyen Walvis Bay, 30 km lenger sør. Det endte med siger til vertane utan at korrupsjon spelte ei rolle denne gangen. Totalt sett er TIA treffande i høve til turneringsdagen. Vi skulle reise klokka 11, noko som vart til 1230 sidan han som skulle køyre oss tydelegvis ombestemte seg og skrudde av telefonen. Venting. Dette førte til at vi stua laget lasteplanet på pickupen til lagkaptein Vernon og køyrte i 140 dei 56km frå Swakop til Arandis. Men etter ei veke i Windhoek på planet til Mrs. Fixits pickup hadde eg god erfaring på den fronten. Når vi kom fram var volleyballdelen av Arandis Fun Day i full gang på basketballbana. Meir venting. Turneringa gjekk greitt. Etter tap i første kamp, vann Ocean resten og endte i finale mot Arandis, som endte med tap. No var klokka blitt ni. Og det eine bakdekket på pick-up'en var no flatt. Det er ingen bensinstasjon i Arandis, men heldigvis har Vernon ein kompis, Flo, i bygda. Flo er kongen av Arandis. Han er det vesle gruvesamfunnets rikaste mann og "the main attraction around here" ifølge ein av Arandisspelarane. Eg var så heldig å få audiens. Vernon og eg fekk servert eplejuice, fekk Flos synspunkt, med demonstrasjon, på kva som er best av xbox og PS3 (han har så klart begge deler, i to ulike rom, kobla til to ulike 50" flatskjermar) og fekk i tillegg møte hundane hans. Hundane var av rasen boerboel, den eine på storleik med ein middels shetlandspony. Grunnen var fekk eg vite, at Flo gir hundane sine proteinshake. Uansett. Flo hadde pumpe. Som ikkje virka. Meir venting. Etterkvart fekk vi pumpa opp dekket og kunne køyre heim att.

Brunfargen byrjar å nå internasjonalt godt nivå. Den ovannemnte Vernon, kjøpmann i sprit og daglegvarer, bareigar på kveldstid, er stor i kjeften. Han er også arkitekten bak og eigaren av eit, må eg seie, svært bra utandørs basketballanlegg. Vernon ler kvar gang han møter meg, ”Ah, my white brotha is turning black.” Vernon, som omtalar seg sjølv som ”a community person,” noko eg nok vil seie meg samd i så langt, mannen viser eit stort engasjement for ungdom, ei ekte ildsjel må eg seie, har ukonvensjonelle metodar for å handheve denne rolla kombinert med rolla som bareigar. Eit døme: Basketballbana ligg på plassen utanfor kombi-”businessen” hans (daglegvarer/sprit/bar, i tre adskilte lokale i den same bygninga). Her ein kveld stoppa plutseleg spelet opp og Vernon og dei to andre som spelte sprang plutseleg av bana, eg skjønte ikkje med ein gang kva som stod på før eg såg at dei det dei gjorde var å kaste stein. Dette på ein noko rammeskeiv kar som hadde kome ut frå baren for slå lens. Vernon vart lyn forbanna: ”Folk er så opptekne av å hindre spreiing av ymse sjukdomar, som hepatitt, men å pisse på den støvete plassen der ungar leikar, det gjer dei.” Steininga var altså sjukdomsførebyggande arbeid. Eg kan melde om at metoden var effektiv. Etter å bli bombardert av ei mengde små og ikkje fullt så små steinar lot mannen urin vere urin og bukse vere bukse og søkte så raskt han kunne dekning i baren att.

No comments:

Post a Comment