Saturday, February 20, 2010

Sidan sist...

Har det ikkje skjedd det heilt store på utviklingsfronten. Eg hadde ein god samtale med mor mi i dag, via skype, høgteknologien har nådd Afrika skjønar de, noko som vel må reknast som utvikling, om korleis det å bu i eit samfunn så ulikt det eg kom frå har påverka meg. Går det inn på meg å sjå det vi reknar for å vere kummerlege levekår på nært hald, leve midt oppe i dei, osb.? Det er rart med det, som med det meste så blir ein vand. Eg tenkjer ikkje over situasjonen dagleg. Så klart, eg reagerar med undring når naboen, som nemnt, vel papp som hovudbyggjemateriale til den nye garasjen sin (etterkvart har dette blitt dobbeltgarasje, no noko forsterka med sponplater og søppelsekkar). Men eg reagerar ikkje med vemod eller noko slikt når eg ser desse konstruksjonane, sjølv om dei openbart vitnar om ein personleg økonomi som berre dekkjer dei grunnleggjande behova. Han lir ingen naud, mat er ikkje eit problem sjølv om det oftare er knoke og hovud enn indrefilet på menyen. Det å utnytte ressursane kan vi nok lære ein del av heime i Noreg; Kvar er resten av dyret, det som ikkje blir biff eller beinfri kylling? Det er ikkje til å kome unna dette med korleis ein måler graden av utvikling. Det eg opplevde var at eg reagerte når eg fekk kvardagen på avstand. Mykje av den luksusen eg opplevde som kvit, velståande turist i Sør-Afrika i desmeber opplevde eg som ubehagleg unødvendig og urettferdig. Likevel er det eg reagerer mest på ikkje fråveret av materiell velstand, men heller kunnskapsmangelen. Kva kunne vel ikkje blitt oppnådd om tilgangen på lærdom var betre? Eg skal ikkje kome med forslag til dette (om de har det så skriv gjerne i kommentarfeltet), men skule her er dyrt og fagkompetente lærarar er det langt mellom. Folk flest klagar ikkje over butilhøve (sjølv om det også her er unntak, ein liten del av folkesetnaden i byen bur i skur av bølgeblikk og tilfeldig samanraska materiale), men over utilfredsstillande skuleundervisning...

I byrjinga av desember var eg i Cape Town i over ei veke. Cape Town er forresten ein flott by, absolutt verdt eit besøk. I løpet av opphaldet, som eg mogleg vil skildre meir ved eit seinare høve, gjekk vi, NIH-studentane, og såg musikalen Cats. Eg var ikkje av dei første som meldte meg på, eg var meir med på eit "la gå"-grunnlag, og etter fire månaders spartansk og til tider usosialt liv vart det nokre seine kveldar dagane før denne tilstelinga. Uansett her er mitt samandrag av Cats: Lyset i salen blir slått av og det vert heilt stille. Ein mann i trikot og katteøyrer kjem på scena og syng om mange kattar. Eg får ikkje heilt med meg kva og etter ti minutt må eg innrømme at eg er i ferd med å dette av lasset. Ein kvit katt har i alle fall vore på scena no og det verkar som at det var sentralt i handlinga (som eg må spørje Sverre som sit til venstre for meg om har fått med seg, noko han diverre må avkrefte). Eg finn meg etterkvart ei komfortabel stilling, 1,91 på galleriet var heilt i grenseland, men eg hadde i alle fall 4 cm meir å boltre meg på enn gamle Møll frå Mandal 20 seter til høgre. Når eg vaknar att er det snart slutt på første akt og til mi store undring står labbetuss på scena. Eg lurer på når Vibeke Sæther skal gjere sin entre. Eg var ingen stor Vibeke Sæther-tilhengjar som barn og byrjar å bli litt skuffa. Eg spør Sverre att om kva som har skjedd og om Vibeke har vore her, men han kan framleis ikkje opplyse meg. Første akt er over. I andre akt er det meir fart og spenning, skip og piratar og kinesarar og store fluger eller noko som liknar og ein sang eg kjenner att. Dette tek seg opp tenkjer eg. Det endar med ein katt som kan danse. Opplevinga var god sjølv om eg framleis ikkje kan gje eit godt svar på kva meir enn "cats" Cats handlar om...

No comments:

Post a Comment